Vil du bli lærling hos oss?
Norsk Fjordhestsenter søkjer etter lærling i hestefaget. Som lærling deltek du aktivt i alt arbeid i stallen, drift av rideaktivitetar, vedlikehald og alt det andre som skjer saman med dei andre tilsette ved senteret.
Norsk Fjordhestsenter søkjer etter lærling i hestefaget. Som lærling deltek du aktivt i alt arbeid i stallen, drift av rideaktivitetar, vedlikehald og alt det andre som skjer saman med dei andre tilsette ved senteret.
Norsk Fjordhestsenter arrangerar dagleir for born og ungdom i påskeferien.
I år vert det ein ny modell for utvida bruksprøve under hingsteutstillinga. Hingsten Søljo med eigar Runa Smedsmo frå Lom var tidleg i januar med å lage infofilm for dei som skal førebu seg til prøva.
Ridekursa ved Norsk Fjordhestsenter startar opp igjen i veke 5
Ordføraren var på plass då julegåva Asplunds Mirakel kom til Norsk Fjordhestsenter. - For ein nydeleg hest, sa han og ønskte den gulblakke toårshoppa velkomen.
- Denne julegåva skal vi ta ekstra godt vare på, seier dagleg leiar ved Norsk Fjordhestsenter Magni Hjertenes Flyum. Senteret får ei fjordhesthoppe i gulblakk farge i gåve frå kremlikørselskapet Fjording. Hesten med den sjeldne fargen får ei sentral rolle i formidlingsarbeidet ved senteret.
Serien Ultimate Viking kombinerer eventyr og opplevingar med levande historie og vil ha premiere på amerikanske Smithsonian Channel i 2021. Sagastad og Norsk Fjordhestsenter er med i dokumentaren som følgjer serien og Kristofer Hivju og Gry Molvær Hivju vert programleiarar serien. Filminga er allereie i gang.
Vi får mange spørsmål om ringorm for tida. Dette har truleg samanheng med ein del utbrot på Vestlandet i år. Det har ikkje vore påvist ringorm ved Norsk Fjordhestsenter. Vi ønskjer sjølvsagt å bidra til å redusere smittespreiing og ber om at alle er forsiktige og merksame på symptom.
Norges Fjordhestlag har i samarbeid med Norsk Fjordhestsenter leigd inn hingsten Myras Monrad for avlssesongen 2020.