Semin 2023

Norsk Fjordhestsenter tilbyr tre spennande 3-års hingstar denne sesongen. Det er Soltuns Balder, Sølkleppen og Gjerde Trygve. 

Soltuns Balder e. Toregardens Caiser u. Fryds Embla fekk talrekka 8-8-8-8,5-8. Han er lettbygd, høgreist og velbygd med gode bein, ledige rørsler og har gode brukseigenskapar. Soltuns Balder har grå mor og er difor bærar av grått.  

Sølkleppen, e.Merinas Emil u.Sølrosa, fekk karakterane 8-7,5-8-8,5-8. Han er maskulin og sterkbygd og har eit godt uttrykk, gode bein og meget ledige rørsler. 

Sølkleppen

Årets linjehingst er Gjerde Trygve og han er berar av raud farge, har spesiell og lite brukt stamme, og kan skilte med beste køyreprøve i klassa. Gjerde Trygde har eit framifrå lynne og vart belønna med karakterane 7-7-7-8-7.

Gjerde Trygve

 

Prisar 2023

Sending:

Fastpris per hoppe (inkluderer totalt 3 brunstar eller 3 sendingar). Sædavgift, tapping, fortynning, forpakning kr. 3450,- + mva. Sending etter faktisk kostnad. Prisen inkluderer ei sending per brunst, evt. fleire sendingar på same brunst, men totalt 3 sendingar inngår i prisen. 

Inseminering på stasjon:

Hopper som inseminerast på stasjonen med sæd frå stasjonshingstane skal oppstallast på NFHS i insemineringsperioden. Generell gynekologisk undersøking med påfølgjande inseminering kr. 5000,- + mva. Prisen inkluderer forbruksmateriell til ordinær gynekologisk undersøking, bruk av ultralydapparat og undersøkingar for 3 brunstar. Eventuelle spesielle undersøkingar, behandlingar, operasjonar og medisinar kjem i tillegg og desse vert fakturert av veterinær. 

Oppstalling kr. 170,- pr dag + mva

Informasjon:

Hingstane vert tappa måndag, onsdag og fredag. For bestilling av sæd må vi ha beskjed seinast kl. 09 same dagen som hingstane skal tappast. 

Stasjonsavgift andre raser kr 1100,- + mva

 

For nærare informasjon ta kontakt med Norsk Fjordhestsenter, tlf. 57 86 48 00.