Reglar for bruk av ridehallar og utebane

 

Vis omsyn

Passering av møtande ryttar skal alltid skje venstre hand mot venstre hand.

Ikkje «parker» på firkantsporet.

Lei/skritt ned innanfor firkantsporet.

Rydd opp

Sett hindermateriell tilbake på plass rett etter bruk.

Fjern møkk rett etter kvar økt! Bruk bøttene i hjørna av hallane.

Fjern møkk etter din hest på tunet og parkeringsplass.

For å ha tilgang til bruk av ridehallane skal brukarane ha gyldig hallkort/ klippekort. Hallkort får ein ved å kontakte Norsk Fjordhestsenter (post@norsk-fjordhestsenter.no). Hallkort er inkludert for dei som er oppstalla ved senteret.

Ved køyring inne må ein reservere hallen. Ved innkøyring må ein på grunn av sikkerheiten anten reservere hallen, eller trene på eit tidspunkt der det ikkje er andre i ridehallen. Dersom ein ikkje har reservert hallen, og det kjem andre som skal ri så må ein avslutte innkøyringa inne. 

Det er ikkje lov til å longere eller laushoppe hestar utan nærare avtale med Norsk Fjordhestsenter.

Instruktør skal alltid vere til stades ved sprangriding. Alle instruktørar skal ha avtale med Norsk Fjordhestsenter.

Hundar har ikkje tilgjenge i ridebana. Det er bandtvang på heile senteret heile året!

Musikkanlegget skal berre nyttast etter avtale, og skal alltid låsast inn etter bruk.

Eigar/ brukar må erstatte skade på utstyr/inventar.

Ridehallane og stallen stenger kl. 22.00. Etter dette tidspunkt er det ikkje lov å opphalde seg/drive med aktivitet der eller i stallen.

 

VED BROT PÅ EIN ELLER FLEIRE AV REGLANE KAN RYTTER/HESTEANSVARLEG BLI BORTVIST FRÅ HALLEN.