Seminhingstar 2021

Norsk Fjordhestsenter tilbyr semin frå hingstane Silverjo, Sølrei og Viking Fjord i 2021. Hingstane vert tappa tre dagar i veka; måndag, onsdag og fredag. For bestilling av sæd må vi ha beskjed seinast kl. 09.00 same dagen som hingstane skal tappast.

Silverjo

Silverjo vart spissen i 5 års klassen UB hingstar og fekk beste utvida bruksprøve og fekk 1.pr på hingsteutstillinga på Nordfjordeid Det er ein vakker,  langlagd hingst av meget god type. Han er etter 1. premie hingsten Søljo og under Mykle Nina etter Svoras Isak. Han har eit pent hovud, velansatt velforma hals med god nakke. Meget gode overlinje og bakpart. Velstilte bein og ledigt, godt skritt og trav. Eksteriørkarakterar: 9.5,9, 8, 9- 9

Han fekk 10 poeng på lynne og brukseigenskapar. Stamma til Silverjo er svært god med høgt premierte dyr på begge sider. Hingsten blir på seminstasjonen i sommar, og vi tilbyr stasjonsinseminering og sending til hopper i heile landet og til utlandet frå medio juni.  

Her er link til stamtavle og dommarkort

silverjo

Viking Fjord

Viking Fjord er ein tre åring som vart nr. 2 av dei nykåra hingstane på utstillinga på Nordfjordeid, som  blir på seminstasjonen denne sommaren. Det er ein harmonisk, oppsynt hingst av god type. Velansatt, velforma hals. God bog og godt markert manke. Sterk lend og godt kryss. Tåvid v.f. elles føre bein.. Ledig, meget godt steg. Ledigt trav med god bruk av ledd. Taktfast galopp. Eksteriørpoeng: 8.5, 8.5, 8, 8.5 – 8.5 Godt lynne og gode brukseigenskapar.

Stamtavla er svært god med den velprega Heggnes Balder som far med 1.premie, og mor er Nidarrosa som er mor til tre premierte/kåra hingstar og ei rekke med 2.premiehopper.

Her er link til stamtavle og dommarkort

viking fjord

Sølrei

Norges Fjordhestlag har leigd den 9 år gamle hingsten Sølrei som årets linjehingst. Han er stasjonert på seminstasjonen på Norsk Fjordhestsenter. 

Sølrei er fødd i 2012 og er e. Reimar u. Engja Sølja. Han er brunblakk, måler 144 i stangmål og har 12 avkom i stamboka. Sølrei fekk 7,7 på brukseigenskapar då han var inne til utvida bruksprøver i 2017. Han vart vist i klasse 1a på hingsteutstillinga på Nordfjordeid i år. Der fekk han 2. premie med karakterane 8-8-7,5-7,5-8.

Norges Fjordhestlag har leigd Sølrei som årets linjehingst då han har ein stamme som ikkje er mykje brukt, spesielt ikkje dei siste åra. Far hans har kun to kåra sønner, og desse har totalt få avkom. Sølrei har ei stamme som ville kunne brukast på mange hopper i fjordhestpopulasjonen. Han gir også grå avkom, og vi ventar på svar på gentest om han kan gje raudt også.

Les meir om Sølrei på Norges Fjordhestlag sine nettsider.

Her er link til stamtavle og dommarkort.

solrei

For nærare informasjon ta kontakt med Norsk Fjordhestsenter, tlf. 57 86 48 00 eller
Asle Espe, tlf. 480 38 338.