Seminstasjon

Frå byrjinga av mai er det aktiv seminstasjon ved Norsk Fjordhestsenter eit par månader. Gjennom  Rio-konvensjonen har Norge påtatt seg eit særskilt ansvar for fjordhesten, då Norge er moderlandet. Nordfjordeid er eit samlingspunkt for fjordhest, og  Vestlandet er kjerneområdet for avlen. Det er fjordhest over heile landet, og avstandane er store til avlshingstar, samstundes som det er dyrt å transportere hopper over langa avstandar.

Seminstasjonen på Nordfjordeid ønskjer å gi fjordhesteigarane eit stabilt og godt tilbod for bedekning av sine hopper. I utvalet av hingstar legg vi vekt på stamme som ikkje er av dei mest brukte, eit godt rasepreg, lynne og gode bruksprøver. Vi gir råd om val av hingst.

Hoppeeigarar kan få inseminert hoppene direkte på stasjonen, eller få sendt fersk sæd til mottaksstasjon. Vi har også eit lite utval frossen sæd. Seminstasjonen er EU-godkjend og kan sende fersksæd til  Norden og Europa, og frossen sæd til Brasil, Chile, USA og Australia. Stasjonsveterinær er Torbjørn Nes Hjelle.

Ta kontakt med avlsansvarleg ved Norsk Fjordhestsenter Asle Espe (tlf 480 38 338) for meir informasjon og rådgjeving om kva hingst som passar for di hoppe.