Fjordhesten er ein av dei eldste og reinaste rasane i verda. Han er ein av tre særnorske hesterasar, og vert rekna som Noreg sin nasjonalhest. 

Fjordhesten er avla fram på Vestlandet og bar namnet vestlandshest i mange år. Landskapet på Vestlandet er prega av lange fjordar og bratte fjell, og historisk var folk avhengige av å ha ein hest som stødig kunne ta seg fram i det ulendte terrenget. I tillegg til å ha vore viktig innan transport var fjordhesten ein ideell gardshest på dei små og tungdrivne gardsbruka då han er liten, sterk, uthaldande og lettfôra. I dag er fjordhesten ein allsidig familie- og hobbyhest. Han er også populær innan terapiriding og turisme grunna hans rolege gemytt. 

Raseskildring

Fjordhesten sin utsjånad skil seg frå dei fleste andre hesterasar med sin blakke farge, ståman og særpreg. Hovudet er eit viktig særpreg hjå rasen. Den har eit relativt lite hovud med brei panne og konkav naserygg. Augene skal vera store, mørke og klare, og gje eit roleg uttrykk. Fjordhesten er godt muskelsett over hals, manke og kryss. Beina skal vera velstilte og sterke. Fjordhesten bør ha ei mankehøgd mellom 135 cm og 150 cm i stangmål.

Fjordhesten har mange av dei kjenneteikna som vi elles berre finn hjå przewalskihesten, den siste villhesten. Den karakteristiske blakke fargen i ulike nyansar er typisk for fjordhesten, med mørk stripe gjennom man, langs ryggen og ut i halen (midtstol, ål og halefjær). Mørke tverrstriper på beina (beinstriper) og mørk tverrstripe over manken (grep) er andre viktige kjenneteikn hjå fjordhesten. Fjordhesten finns i følgande farger: brunblakk, ulsblakk, rødblakk, gulblakk og gråblakk. Hopper kan godkjennast med stjerne, men elles er andre avteikn ikkje godkjent hjå rasen.

Populasjon:

Fjordhesten har ein tilgjengeleg avlspopulasjon (potensielt avlsmateriale), definert som registrerte hopper og ukastrerte hingstar født i 2000 til 2019, på om lag 2 800 fjordhester.

Antall fødde føll i 2019: 170

Historie

Før 1860 var det dårleg vegstruktur på Vestlandet og fjordingen, eller vestlandshesten som også blei kalla, sto for ein viktig transportform over fjell og langs fjordar. I det bratte og ulendte terrenget passa denne lette og stødige hesten godt. Skifteprotokollar frå 1750 syner at fleire fargar var vanlege hjå fjordhesten, slik som på islandshesten, men etter kvart blei det fokus og medvite rundt den blakke fargen som rasemerke. Det blei ein viktig del av avlen å halde på det ein oppfatta som den opphavelege hesten. Etter initiativ frå Det Kongelige Selskap for Norges Vel blei den første stamboka for fjordhest utgitt i 1910.

Bruk i dag

Rasen sine bruksområder varierer i dag frå tung drift som arbeidshest, til ein lettare og god sportshest til køyring og riding. Framleis er den ein suveren kløvhest som tek seg stødig fram i ulendt terreng. Fjordhesten er ein populær hest også langt utover våre landegrenser, og det finns fleire fjordhestar i Danmark, Tyskland og Nederland enn det gjer i Norge. Interessa for rasen er også stor både i USA og Sverige.